Til forsiden

Tilbake til artikler

Ollas Historie

Dette innlegget er viet til vår dyktige forfatter, Olla Rypdal, som har skrevet boken vår «Jonas og Judith, sola og snøen». En spesiell takk til henne for at hun i tillegg til sin kunnskap og ekspertise, også har bidratt med sin personlige historie.

Olla Rypdal, Barbara Gonzalez-Vaughn
|
29. mai 2024

Eg vaks opp seint på femti- og tidleg på sekstitalet. Den tida var det ikkje vanleg å smørje seg med solkrem. Eg har lys hud der solstrålane fort lagar spor. Bilda av raud og solbrent hud, flassing og sår er noko som alltid følgjer barndomsminna. Sjølv om det er mykje regn- og ruskevêr i den delen av landet eg vaks opp i, hugsar eg barndommen som lange, gode dagar der sola skein heile tida.

I eit par år budde eg i Kongo, rett under den brennande sola, noko også den nordiske huda mi fekk kjenne.

Som vaksen og litt klokare, blei solkrem, tildekking av hud og skygge midt på dagen nyttige grep for å unngå solforbrenning. No er flaska med solfaktor 50 alltid parat.

Det var først då søstera mi fekk melanom at eg fekk meg ein skikkeleg støkk. Med henne hadde kreften spreidd seg til lymfene, men etter behandling blei ho frisk.

Så fekk eg også melanom, nokre år etter. Eg hadde innarbeidd rutinar for å sjekke hud og føflekkar etter at søstera mi blei sjuk, og den vesle flekken på armen syntest både å endre form og farge. Fastlegen fjerna først føflekken, og sidan blei ein god del av vevet rundt operert bort på sjukehuset.

Kreften hadde ikkje spreidd seg, heldigvis, takka vere at endringane i føflekken blei oppdaga tidleg.

Eg er glad i å vere ute, mykje på tur i all slags vêr med hundane mine, og det å vere i den varmande sola er som å få ei energisprøyte. Det er godt og viktig for helsa å vere ute, og heldigvis kan vi vere det, om vi berre tar nokre førebyggande grep.

Det daglege arbeidet mitt handlar om kulturformidling for barn og unge: som forteljar, teaterpedagog og forfattar. Då Melanomforeninga spurte om eg kunne tenke meg å skrive ei bok for barn om å førebygge solskader, kjendest det som eit fint høve til å formidle naturglede og samtidig skape haldningar om å verne seg for solstrålane.

Dette skulle ikkje vere ei sakprosabok, men ei leikande forteljing om dei to maskotane til Melanomforeninga, Jonas og Judith. Eg har blitt godt kjent med desse to figurane no, ikkje minst gjennom dei herlege illustrasjonane Olle Bolle Design (Hege Terese Fjæra) har laga til forteljinga.

Eg håper denne boka kan vere med på å skape solsikker naturglede.

Bokomslag til Jonas og Judith, sola og snøenBokomslag til Jonas og Judith, sola og snøen
Bokomslag; Jonas og Judith, sola og snøen

Mer om temaene